Dagsorden til årsmøte i Det norske orgelselskap, 28/3-2009 kl 14.30, på Hotell Norge, Kristiansand.
-
1) Godkjenning av innkalling og saksliste.
-
2) Valg av ordstyrer og referent.
-
3) Det norske orgelselskap – årsmelding 2008.
-
Medlemstal januar 2009: 213
Årsmøtet 2008 var på Elverum 29/3-2008.
I løpet av årsmøtehelga vitja deltakarane orgla i Gjøvik, Lillehammer, Vang og Elverum.
Hans Jacob Tronshaug innleidde til drøftingar om temaet: Kan ein leva av å byggje orgel i Norge? Lønene i Noreg er av dei høgaste i EU, og den største kostnaden med orgelbygging er arbeidskraft. Difor lever orgelbyggeri i Norge i hard priskonkurranse med orgel importert frå land med lågare kostnadar. Det var brei semje om at det er viktig at den innanlandske produksjonen er stor nok til at ein får utvikla og oppretthalde fagleg kompetanse, men at import også er ynskjeleg, for variasjonen sin del.
Sjølve årsmøtet hadde 25 medlemer tilstades, det er meir enn det har vore tidlegare år.
Styret. Styret jan-mars : leiar Bernt Gjelvold, sekretær Halgeir Schiager, kasserar Jan Ryde, heimesideansvarleg Liv Skoglund og ”turoperatør” Hans Jacob Tronshaug, varamedlemer Inger-Lise Ulsrud og Njål Steinsland. Styret april-desember: leiar (og heimesideansvarleg) Liv Skoglund, nestleiar Bernt Gjelvold, sekretær Halgeir Schiager, kasserar Jan Ryde, turleiar Hans Jacob Tronshaug, varamedlemer Inger-Lise Ulsrud og Njål Steinsland.
Kasserar Jan Ryde har delegert mykje av arbeidet med medlemsregisterføring og rekneskap til Lillian Berg, som er sekretær i firmaet hans. Stor takk til ho for at ho held orden på medlemene våre!
Det har vore telefonstyremøter 29/4 og 28/8, og eit styremøte i Uppsala 8/11, under Sverigeturen. Sakane har handla om Orgelspeilet og evt. samarbeid om større kyrkjemusikk-tidsskrift, og planlegging av orgelreise og årsmøte.
Orgelspeilet. Etter at MFO (Musikernes fellesorganisasjon) sitt blad Norsk Kirkemusikk slutta å koma ved årsskiftet 2007/2008, har ideen om eit nytt "breidspektra" kyrkjemusikk-tidsskrift vore lufta for oss, m.a. av Cantando Musikkforlag og Liturgisk senter. Dei tenkte då mogelegvis Orgelspeilet som en del av dette.
Vi har også teke kontakt med MFO og foreslått at dei kunne senda eit ex. av Orgelspeilet ut til den gamle Norsk kirkemusikk-abonnent-lista. Det har vi ikkje fått svar på.
Om dette gjorde styret slikt vedtak den 8/11-08: Styret vil at vi primært utgir vårt eget blad, noe som er viktig for vår identitet som forening. Leder gis fullmakt til å delta i samtaler om samarbeid om et større kirkemusikktidskrift, men eventuelle endringer skal behandles av Orgelselskapets årsmøte.
Etter den tid har det vore stilt om dette, så det vert ikkje fremja noko årsmøtesak om endringar.
Guttorm Ihlebæk har vore redaktør for Orgelspeilet sidan nr 1/2001. I tillegg til redaktør-arbeidet har han dei siste åra brukt eit data-layout-program og levert trykkeferdig sats, det gjorde økonomien i bladet mykje betre. Orgelspeilet kom ut med 3 nr i 2008, heilt etter planen.
Guttorm Ihlebæk gav beskjed i oktober at han ynskte avløysing. Stor takk til han for innsatsen gjennom alle desse åra!
Sven Atle Johannesen har teke imot utfordringa frå styret, og overtek som redaktør frå nr. 1/2009, det skal etter planen koma ut i mai.
Heimesida www.orgelselskapet.no. Det norske orgelselskap kom på nett hausten 2004, og bruken av nettsida er stigande. Statistikken for 2008 viser omlag 1000 treff (“requests for pages”) i månaden, med ein topp rundt årsmøtet i april.
Orgeltur gjekk til Uppland I Sverige, 6.-9. november 2008, og hadde 14 deltakarar. Hans Jacob Tronshaug, Liv Skoglund og Ulf Sverresvold var turkomite. Referat frå turen står i Orgelspeilet 3/2008.
Andre aktivitetar. Orgelselskapet hadde stand i utstillingsområdet under Nordisk kyrkjemusikk-symposium i Stavanger i september 2008, gamle nr. av Orgelspeilet fekk bein å gå på.
Valestrandsfossen 9/2-2009, Liv Skoglund, leiar
-
3b) Årsmelding 2008 for DNO’s pipebank Austrått.
- Pipebanken sitt styre ble valgt for 4 år på årsmøtet på Lillestrøm 1. april 2006: Bernt Gjelvold, Kristin Eek (kasserer), Nils Harald Torkildsen, Svein Næss.
Det hersket rolige forhold i pipebanken også i mesteparten av 2008.
Først i juli ble det (med Hans Georg Hüttmeyer som mellommann) inngått en avtale med frimurerlogen i Sortland om å selge dem en Lieblich gedakt 16’ (manualstemme) fra Stiklestads Steinmeyerorgel av 1930. Pipene, som var ekstremt godt lagret, ble med stort besvær tatt fram og gjort klare for avhenting; men de er ikke blitt hentet ennå.
Ila kirke i Trondheim, som har bestilt pipebankens Claus Jensen – orgel, har heller ikke effektuert sin bestilling.
Derimot ankom 12 svære esker med piper fra Brønnøys Jørgensen – orgel av 1960, like før jul.
Frakten beløp seg på ca. 6000 kr., så vi håper på å få videresolgt disse stemmene – også fordi det ble fullt i pipebanken.
Stemmene er: Basun 16’, Trompet 8’, Principal 8’ (fasadestemme) og pedaldelen av en Salicet unitstemme (16’). I tillegg har vi det svære spillebordet. Kanskje det er noen som ønsker seg et gedigent skrivebord?
Opphaug 5. februar 2009, Bernt Gjelvold, banksjef
-
4) Godkjenning av revidert regnskap.
- Sjå rekneskapen som pdf-fil her.
Revisjonsrapport vert lagt fram i møtet.
-
4b) Regnskap for pipebanken.
- Vert lagt fram i møtet.
-
5) Godkjenning av budsjett og fastsettelse av årskontingent.
-
Årskontingent har vore kr 250, studentar og pensjonistar betalar kr. 150. Styret har ikkje framlegg om endringar. Storleiken på tilleggskontingent for medlemskap i svensk eller dansk orgelselskap kan justerast av styret i samarbeid med desse orgelselskapa. Posten "Årsmøte" er auka for at styremedlemer skal få dekka reise og hotellopphald under årsmøtet.
-
7) Valg av styremedlemmer og varamedlemmer.
- Valnemda (Anders Hovind, Jann-Magnar Fiskvik og Øyvind Mikalsen) sitt framlegg:
Abram Bezuijen, nytt styremedlem, for 2 år.
Ole Andreas Fevang, nytt styremedlem, for 2 år.
Inger-Lise Ulsrud, varamedlem, for 1 år.
Njål Steinsland, varamedlem, for 1 år.
(Desse er ikkje på val: Liv Skoglund, Halgeir Schiager, Hans Jacob Tronshaug.)
-
8) Valg av revisor for Det norske orgelselskap, og for Det norske orgelselskap sin pipebank.
-
9) Valg av valgkomité.
-
10) Samarbeidsavtale med Det Danske Orgelselskab.
-
11) Evt. innkomne saker.
- Saker som ønskes behandlet på årsmøtet må være styrets leder i hende senest 14 dager før årsmøtet holdes.
|